Vær og føremelding: Telefon 90 28 31 14

4.mai: Det er no på det siste med skiforhold i Seljestadfjellet. Islagte vatn i høgden
får etter kvart utrygg is. Vi minner om at dei som ikkje har fått betalt løypeavgift
kan gjera dette til konto 3530.24.04508.

Seljestad og Røldal Løypeselskap ønsker alle brukarane av løypenettet god sommar.
Vi kjem igjen til hausten med informasjon når det bli skiføre i  Røldal eller på Seljestad.

15.april: Det er ikkje forhold for å køyra løyper lenger, og selskapet har no avslutta
løypekøyringa for denne sesongen. Ein kan framleis ha flotte turar i høgareliggande
områder, føret er ofte bra over alt på denne tida. Vi takkar for sesongen, og håper
at vi får ein betre snøvinter neste sesong.

Helga 10.-11.april: Det blir køyrt løype med snøscooter og sportsettar frå
Seljestadstølen til Steinavatnet og løype til Oddavarden. Det er enkelte punkter
ein må ta av seg skia på veg inn til Seljestadstølen, men det er fine forhold innover
i fjellet. Smøretips Rode Multigrade klister -6 - +6.

Det blir køyrt med løypemaskin frå Røldal Skisenter og inn til Røldalssåto.
Vi oppfordrar folk til å følgje gratis skibuss frå Seljestad til Røldal Skisenter.
Bussrutene finn du her: http://roldal.com/roldal/vedlegg/skibuss.jpg

Mandag 5.april: Same forhold som søndag, men litt mindre vind.

Søndag 4.april: + 2 grader, kraftig vind i fjellet. Harde og isete løyper, med
skavlar i høgare områder. Det blir ikkje køyrt løyper i dag grunna forholdene.

Lørdag 3.april: 0 grader. Maskinpreparerte løyper som torsdag:

Løypa føgjer traktorvegen retning Seljestadstølen.
Vidare er følgande løyper køyrt:

L1 - Steinavatnet
B3 - Krokavassløypa
Det er i tillegg løype frå Krokavssløypa til Oddavarden og vidare ned mot
Haugsnut og Damekneiken. I tillegg er det køyrt ein avstikkar ned mot
gamle stolheisen.

Smøretips: Rode Multigrade klister -6 - +6

NB ! Det er køyrt med løypemaskin frå Røldal Skisenter og inn til Røldalssåto.
Vi oppfordrar folk til å følgje gratis skibuss frå Seljestad til Røldal Skisenter.
Bussrutene finn du her: http://roldal.com/roldal/vedlegg/skibuss.jpg


Fredag 2.april: 0 grader, 10-15 cm nysnø: Det blir maskinpreparerte løyper
i same trasear som torsdag: Løypa føgjer traktorvegen retning Seljestadstølen.
Vidare er følgande løyper køyrt:

L1 - Steinavatnet
B3 - Krokavassløypa
Det er i tillegg løype frå Krokavssløypa til Oddavarden og vidare ned mot
Haugsnut og Damekneiken.

Smøretips: Rode Tørrvoks Fioelett Extra 0 - +1, smørefrie ski er å anbefale.

Torsdag 1.april: 0 grader, overskya, litt vind. Det er maskinpreparert løyper
onsdag kveld. Løypa føgjer traktorvegen retning Seljestadstølen.
Vidare er følgande løyper køyrt:

L1 - Steinavatnet
B3 - Krokavassløypa
Det er i tillegg løype frå Krokavssløypa til Oddavarden og vidare ned mot
Haugsnut og Damekneiken.

Smøretips: Rode Multigrade klister -6 - +6, dekka med tørrvoks dersom
ein skal opp i høgden.

Onsdag 31.mars: + 2 grader, nysnø, vind i høgden. Det er maskinpreparert
løype langs traktorvegen mot Seljestadstølen. Vidare er følgande løyper køyrt:

L1 - Steinavatnet
B3 - Krokavassløypa
Det er i tillegg løype frå Krokavssløypa til Oddavarden og vidare ned mot
Haugsnut og Damekneiken.

Smøretips: Klister i lavlandet, Lilla Tørrvoks i høgden, smørefrie ski er å
anbefale.

Tirsdag 30.mars, -4 grader, 4-5 cm nysnø, vindstille. Desse løypene blir
køyrt med scooter og sporsettar (sporsettar frå Seljestadstølen):
L1 - Steinavatnet
B3 - Krokavassløypa med avstikkar til Oddavarden

Frå Korlevoll går løypa langs traktorvegen innover mot Seljestadstølen. Det
er stadvis lite snø her, så ein må visa varsemd under nedkøyring med
møtande trafikk.

Smøretips: Rode Lilla Multigrade tørrvoks 0- -2.

Mandag 29.mars: +2, 2 cm nysnø, B3 - Krokavassløypa er køyrt med
slettebrett, ein del vind i høgden.

Søndag 28.mars; +1, overskya, litt blå himmel, Dyrskarløypa er preparert med
snøscooter.

Dyrskarrennet søndag 28 mars vert arrangert som planlagt i trimklassen, medan
konkurranseklassen er avlyst. Løypa vil gå frå Korlevoll Skistadion langs traktorvegen
mot Seljestadstølen. Løypa følgjer vidare løypa mot Steinavatnet fram til Dyrskarsbotn.
Derifrå går løypa ned att mot Fjådalsvatnet og Krokavatnet. Frå Krokavatnet går løypa
austover og dreier nordover til den treff løypa som kjem frå Oddavarden. Løypa går
vidare sør-austover på nedsida av Kistefjell til denne løypa kjem inn att i traktorvegen
like vest for Seljestadstølen, Følgjer då same trase ned att til Korlevoll. Total lengde
bli 16 km.

Smøretips: Legg på eit tynt lag med Rode Multigrade klister lørdag kveld, og la skia
stå ute natta over. Søndag legg ein tynt lag Rode Rød Klister utanpå dette.

Lørdag 27,mars: -1 grad kl 08.00, hardt skareføre og sol. Det blir maskinpreparert løype
i traktorvegen frå Korlevoll mot Seljestadstølen. Følgande løyper blir køyrt i
området over Seljestadstølen;
B2 - Oddavardenløypa
B3 - Krokavassløypa
L1 - Steinavatnet

Smøretips for dagen er Rode Multigrade klister -6 - +6. Det er forventa å bli fint
føre når sola får tak.

Dyrskarløypa søndag 28,mars er planlagt å følge traseen til Steinvatnet inn til
Dyrskarsbotn, deretter ned att mor Fjådalsvatnet, Krokavatnet, Oddavarden, under
Kistefjell og tilbake til Korlevoll via Seljestadstølen, lengde ca 18 km

Fredag 26.mars: Frå lørdag 27 mars blir det løype i traktorvegen frå Korlevoll
oppover mot Seljestadstølen. Frå Seljestadstølen blir det maskinpreparerte
i følgande trasear:
B2 - Oddavardenløypa
B3 - Krokavassløypa
L1 - Steinavatnet
I dag er det mildt i fjellet.

Onsdag 24.mars: +1, snø, lysløype Korlevoll bli maskinkøyrt. Vind i høgden,
løype B3 og B5 var køyrt med slettebrett tirsdag.

Mandag 22.mars: -1 grad, fine løyper i lysløypa på Korlevoll, harde løyper
innover som blautnar utover dagen:

Søndag 21.mars: +2 grader, B3 Krokvassløypa og B5 Haugsnutløypa
blir køyrt med scooter og slettebrett, tørr snø i høgden, men også noko
vind.

Lørdag 20.mars: Dårlege forhold med overvatn, vind i høgden, køyrt
løyper med snøscooter.

Torsdag 18.mars: + 4 grader, litt regn og vind;

A1- Seljestad Lågland, bra forhold
B2 - B3 - B5, ein del vind og delvis gjenblåste løyper

Mandag 15.mars: -5 grader, noko vind, følgande løyper er maskinkøyrt:
A1 - Seljestad Lågland
B2 - Oddavardenløypa
B3 - Krokavassløypa
B5 - Haugsnutløypa
Smøretips: Rode Blå Super Extra -1- -5, Rode Lilla Multigrade o- -2 for ekstra heng.

Søndag 14.mars: -5 grader, noko vind, følgande løyper blir maskinkøyrt:
A1 - Seljestad Lågland
B2 - Oddavardenløypa
B3 - Krokavassløypa
B5 - Haugsnutløypa
Smøretips: Rode Blå Super Extra -1- -5, Rode Lilla Multigrade o- -2 for ekstra heng.

Lørdag 13.mars: 0-grader, lett snø, følgande løyper blir maskinkøyrt:
A1 - Seljestad Lågland
B2 - Oddavardenløypa
B3 - Krokavassløypa
B5 - Haugsnutløypa
L1 - Steinavatnet
Smøretips: Lilla Rode Tørrvoks 0 grader

Fredag 12.mars: Harde løyper og stadvis lite snø i låglandsløypa på Seljestad.
Det er køyrt spor med scooter frå Seljestadstølen og oppover i B-løyper og til
Steinavatnet. Tørr nysnø i høgden. For nedkøyring frå Seljestadstølen er det mindre
bratt hvis ein følger sløyfene nedover mot Damekneiken. Smøretips: Rode Multigrade
Universalklister -6 - +6, dekka med Rode Lilla Multigrade tørrvoks 0 - -2 for dei som
skal oppover i høgare områder.

Onsdag 10.mars: 0 grader, litt nysnø, gjenblåst i høgden. Ventar med å køyra
løyper til helga grunna lite snø.

Søndag 7.mars: Same løyper som lørdag, -2 grader, skya, vindstille, smøretips
Rode Lilla Multigrade 0 - -2, alternativt Lilla Rode 0 for ekstra heng.

Lørdag 6.mars: -6 grader på morgonen, overskya, dårleg sikt mot Steinavatnet,
ellers OK sikt. Følgande løyper blir køyrt:

A1 - Seljestad Lågland
B2- Oddavardenløypa
B3 - Krokavassløypa
B5 - Haugsnutløypa
H1 - Ekornløypa Hesjabakk
K1 - Lysløype Korlevoll
R4 - Bygdeløypa Røldal

Smøretips: Rode Lilla Multigrad 0 - -2.

Fredag 5.mars: 10-15 cm nysnø, snøbyer, -5 grader. Følgande løyper blir køyrt opp:
A1 - Seljestad Lågland
B5 - Haugsnutløypa
Smøretips: Rode Blå Super Extra -1 - -5, Lilla Rode Multigrade 0 - -2 for ekstra heng.

Onsdag 3.mars: -8 grader, vindstille, 5-10 cm nysnø. Følgande løyper blir køyrt opp:
A1 - Seljestad Lågland (A2-A3-A4)
B2 - Oddavardenløypa
B3 - Krokavassløypa
B5 - Haugsnutløypa
L1 - Steinavatnet
Smøretips: Rode Blå Super Extra -1 - -5, Lilla Rode Multigrade 0- -2 for ekstra heng.

Tirsdag 2.mars: -18 grader på morgonen, strålande vær og vindstille, sola varmar
godt utover dagen. Løyper som i helga, + at tilførselsløype til Langedalen vert
forsøkt køyrt med snøscooter, tidvis lite snø og vanskelege forhold i denne.

Søndag 28,februar: -12 grader på morgonen, lettskya og ein del sol,løypene ligg som i går,
fine forhold og løyper.

Lørdag 27.februar: -7 grader, vindstille, litt blå himmel, løyper som fredag + løype
L1 til Steinavatnet.

Fredag 26.februar: -3 grader, snøbyer, dårleg sikt i høgden.
A1, B2, B3 og B5 er oppkøyrt, Smøretips: Rode Lilla Multigrade 0- -2

Onsdag 24.februar: -4 grader kl 12.00, gradvis mildare, skya med lette snøbyer.
Følgande løyper er køyrt opp:

A1 - Seljestad Lågland
B2 - Oddavardenløypa
B3 - Krokavassløypa
B5 - Haugsnutløypa
L1 - Steinavatnet (avblåst i høgden)
H1 - Ekornløypa Hesjabakk
K1 - Lysløypa Korlevoll
R4 - Bygdeløypa Røldal
S1 - Lysløypa Lontjørn

Smøretips: Rode blå super extra -1 - -5, med Rode lilla Multigrade 0 - -2 for betre heng.

Tirsdag 23.februar: Det har kome meir snø. Det blåse litt i høgden, og der er det
dårleg sikt. Førebels blir difor følgande løyper køyrt opp:

A1 - Seljestad Lågland
B5 - Haugsnutløypa - det blåse i høgden
H1 - Ekornløypa Hesjabakk
T1 - Tilførselsløype Løyning
K1 - Lysløypa Korlevoll

Temperatur -6 grader, smøretips Rode Blå Super Extra -1 - -5.

Mandag 22.februar: Det har kome 25 cm lett nysnø. Følgande løyper er køyrt opp:
A1 - Seljestad Lågland
B2 - Oddavardenløypa
B3 - Krokavassløypa
B5 - Haugsnutløypa
L1 - Steinavatnet (via Fjådalsvatnet på returen)
H1 - Ekornløypa på Hesjabakk
T1 - Tilførselsløype Løyning (med scooter frå pumpestasjon i Tømmerdalen)

Det er fortsatt stadvis lite snø, det har blåst ein del, spesielt mot Steinavatnet.
Temperatur -2, smøretips Rode Lilla Multigrade 0- -2.

Fredag 19.februar: Det er maskinkøyrt løype Krokavassløypa + løype til
Oddavarden fredag. Seljestad Lågland A1 har brukbare forhold i første del, litt
gjenblåst på returen frå Seljestadstølen. Det er avblåst og lite snø i høgden, så
det er avgrensa kva vi klarer å køyre med maskin. Lysløype Korlevoll er nykøyrt, fine
forhold. Bygdeløype Røldal og lysløype Lontjørn er oppkøyrt, men stadvis lite snø
også her. Smøretips: Rode blå super extra -1 - -5, lilla multigrade 0- -2 for ekstra
heng. Flott vær og vindstille i høgden fredag.

Torsdag 18.februar: Det har vore vind i fjellet, og snømengdene er fortsatt små. Same
løypenett som sist helg ligg fortsatt, men delvis gjenblåst i høgden. Det vil bli køyrt
nytt spor med snøscooter før helga. Skilting av løypenett er no kome på plass,men det
er for lite snø til å kviste løypenettet. Lysløype Korlevoll (fine forhold) og Lontjørn er oppkøyrt,
og Bygdeløype Røldal har bra forhold. Smøretips: Rode Blå super extra -1 --5, med Rode Lilla
Multigrade 0 --2 for ekstra heng.

Fredag 12.februar: Følgande løyper er maskinkøyrt fredag ettermiddag:
A1-Seljestad Lågland (med visse forkortingar)
B2-Oddavardenløypa
B3-Krokavassløypa
B5-Haugsnutløypa
L1-Steinavatnet
Det er bra forhold med unntak av enkelte stader med lite snø. Kalde netter, men
varmegrader i sola. Smøretips: Rode blå super extra -1 - -5, alternativt Rode
Lilla Multigrade 0 - -2 for å få betre heng. Det er ikkje merka i løypene endå, det
er ikkje mogleg å få skilt og staur til å stå i snøen.
Ellers er det bra forhold i lysløypa på Korlevoll. Bygdeløypa Røldal og Lysløype
Lontjørn har stadvis litt lite snø, ellers bra forhold.

Løypekart på Seljestad for 2010 er lagt ut på sida Løypetrasear. Ny brosjyre med
løypenettet for 2010 vil bli utlevert på parkeringsplassane i helga, og vil vera tilgjengeleg
i tunnelundergangen på Korlevoll og hos Joker Skarsmo. Dei kjem også til Røldal og
på sportsbutikkane i Odda neste veke.