Grøne løyper med grøn farge på på løypekart,  ligg i 
lågareliggande terreng og i skogsterreng utan bratte bakkar.

A1 – Seljestad lågland, 12 km
Seljestad lågland er løypa som vil bli køyrt dagleg ved behov når snøforhold
 og vær tillett det. Løypa går i området mellom E134 og Seljestadstølen, og er
variert med veksling mellom motbakkar, flatar og unnabakkar. Første del av
løypa har sol heile året (i godvær). Etter 2,5 km er det flott utsiktspunkt mot
Oddadalen og Løyningsdalen. Etter 7 km kjem løypa til Seljestadstølen, før
ho returnerer mot start i sløyfer med fine utforkøyringar. Løypa går i det
området som er minst utsett for vind, og det er få dagar i løpet av vinteren
at det ikkje er forsvarleg å gå tur i dette området.